TEP4112 Turbulente strømninger

Fra NablaWiki
Gå til: navigasjon, søk
Turbulente strømninger
TEP4112
Semester Vår
Obligatorisk for Ingen
Laboratorium Nei
Øvinger Ikkje-obligatoriske
v · d · e

Emnet tek mellom anna for seg kva som kjenneteiknar turbulente strømningar, ulike klassiske metodar for å modellerera turbulens og turbulent grensesjiktsflyt og den kjende k-ε-modellen. Siste del av pensum tek kort for seg statistisk skildring av turbulens og moderne metodar for å løysa turbulente flytproblem i form av Large Eddy Simulation (LES) og Direct Numerical Simulation (DNS).

Det bør merkast at dette ikkje er ei innføring i bruk av numeriske verkty for turbulensmodellering, det vert ikkje brukt numerikk her. Likevel vil faget vera nyttig for dei som ønskjer å arbeida med numeriske strømningsberekningar då ein får innsikt i grunnlaget for turbulensmodellane som er implementerte i moderne programvare. Såleis kan dette vera eit aktuelt ingeniøremne for fysmattarar.

Navier-Stokes-likningane er mykje brukt og det er anbefalt å ha god kjennskap til desse, til dømes frå TEP4156 Viskøse strømninger og grensesjikt, men elles er det ikkje naudsynt med forkunnskapar utover det ein lærte i TEP4105 Fluidmekanikk. Kurset er likevel lagt opp til at det ikkje er naudsynt å ha tatt TEP4156.